Influensautbrotet har stagnert

TOPPEN NÅDD: Årets influensautbrot nådde toppen i veke 1, ifølgje Folkehelseinstituttet.

TOPPEN NÅDD: Årets influensautbrot nådde toppen i veke 1, ifølgje Folkehelseinstituttet. Foto:

Av
DEL

Årets influensautbrot stagnerte i veke 2 etter å ha nådd ein topp i veke 1. Folkehelseinstituttet ventar likevel ein auke i talet på sjuke i tida framover.

Ein slik stagnasjon i influensautbrotet er ofte noko som finst i byrjinga av januar, ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI).

I veke 2 var til saman 105 pasientar innlagde med influensasjukdom, 88 med influensa A og 17 med influensa B.

– Vi ventar ein ytterlegare auke i talet på influensasjuke i tida som kjem. Utbrot som startar rundt jul, har ofte utbrotstopp i februar/mars, men storleiken på utbrotet og når toppen blir nådd, lèt seg ikkje sikkert føreseie, opplyser FHI.

Artikkeltags