Sjukehuset meiner dei har norovirusutbrot under kontroll

UNDER KONTROLL: Utbrotet av Norovirus ved Førde sentralsjukehus er no under kontroll, melder Helse Førde.

UNDER KONTROLL: Utbrotet av Norovirus ved Førde sentralsjukehus er no under kontroll, melder Helse Førde. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Utbrotet av Norovirus ved Førde sentralsjukehus er no under kontroll.

DEL

Fleirtalet av dei kring 20 pasientane som før helga var innlagt på Førde sentralsjukehus smitta med norovirus, influensa eller ein kombinasjon av begge delar, er no utskrivne. Kristine Brix Longfellow, fungerande fagdirektør i Helse Førde, fortel at dei har kontroll på situasjonen.

– Vi har redusert beredskapen frå gul til grøn, så vi nærmar oss normal drift. Men vi vurderer situasjonen tett, og tek ein ny status på onsdag, seier ho. 

Dei har no fire innlagde pasientar med norovirusinfeksjon, og i dei siste dagane har dei fått inn to pasientar dei mistenker har viruset.

Sjukehuset opnar no for nødvendig besøk til pasientar.

– Pårørande kan komme på besøk, men dei bør halde seg heime om dei mistenker at dei er sjuke eller har vore i kontakt med nokon som er det, seier Longfellow.

NOROVIRUS

  • Ein svært smittsam magetarminfeksjon
  • Den vanligste årsaka til utbrot av omgangssjuke
  • Vanlege symptomer er kvalme, oppkast, magesmerter og diaré

– Vask hendene

Ho fortel at folk må vere påpasselege med å vaske hendene med såpe og vatn.

– Mange trur at det er betre å vaske hendene med sprit, men det stemmer ikkje. Det er såpe og vatn som gjeld. Elles bør ein hoste eller nyse ned i olbogekroken for å hindre dropesmitte, fortel ho.

Ho oppmodar dei som blir sjuke til å isolere seg og få i seg nok vatn.

– Det er også viktig å unngå å dele handkle med resten av familien. Dei som blir alvorleg dehydrert eller er sjuke frå før av, må ta kontakt med lege. Dette gjeld både influensa og norovirus.

Dei oppmodar fastlegar til å snakke med sjukehuset før dei sender inn pasientar.

Artikkeltags