Vi nærmar oss influensatoppen

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Vi er inne i den sterkaste smitteperioden for influensa. Kommuneoverlegen oppfordrar til god handhygiene og hosting i olbogen.

DEL

– Influensaen begynte tidleg i år. I løpet av januar kjem vi til å nå maksimal influensaaktivitet.

Det seier kommuneoverlege og smittevernansvarleg Øystein Furnes. Han seier at det har skjedd ei åttedobling av pasientar med influensa på landsbasis dei siste tre vekene.

Desse bør vaksinere seg

Han rår dei som er i risikogruppa om å vaksinere seg mot influensa. Dette gjeld folk over 65 år, gravide, dei med hjarte/lunge-sjukdom, nevrologiske lidingar eller immunsvikt. Om ein vil vaksinere seg, kan ein ta kontakt med fastlegen sin. Dei har også vaksinedosar liggande på legesenteret, fortel Furnes.

Men om ein er i risikogruppa eller ei, er det to ting som gjeld for å redusere smitta: god hand- og munnhygiene.

– Det gjeld også dei som er friske. Plutseleg er ein borti nokon som er sjuke, og deretter er ein borti sin eigen munn eller nase. Difor er det viktig at vi er flinke til å vaske hendene, seier han.

Behandling: senga

Dei typiske teikna på influensa er hovudpine, høg feber og muskelsmerter. Furnes meiner det skal vere enkelt å skilje dette frå ein vanleg forkjøling. Og får du influensa, er det senga som gjeld.

– Får du influensa, går du ikkje på jobb. Då er du dårleg. Den viktigaste behandlinga då er å halde seg heime, drikke godt med vatn og bruke Paracet. Ein treng ikkje oppsøke lege når ein har influensa. Men blir ein sjuk og ikkje veit kva som feilar ein, kan er sjølvsagt fastlegen ein god ide, seier han.

Legesenteret i Førde har ikkje nokon statistikk på kor mange som er smitta eller diagnostisert med influensa. Mange oppsøker ikkje lege, og dei som gjer det får ikkje alltid diagnosen.

– Vi tar ikkje prøvar av alle som kjem og trur dei har influensa. Dersom epidemien er ute og dei har symptoma, kan vi vere ganske sikre på at dei har det utan å teste, seier Furnes.

I ein rapport frå Folkehelseinstituttet går det fram at delen pasientar med influensa begynte å auke frå og med veke 48 i fjor. I veke 51 kom det ei kraftig stigning.

– Vi er midt i den sterkaste smitteperioden no. I løpet av januarmånaden når vi nok ein maksimal influensaaktivitet, seier Furnes.

Så hugs: vask hendene og host i olbogen.

Artikkeltags