Sirkusartist braut ankelen etter fall på sju meter

UHELDIG: Etter å ha besøkt Marius Gaigu på sjukehuset, må sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal leite etter vikar. Han har planlagt eit stramt program, med tretti framsyningar på tretti dagar.

UHELDIG: Etter å ha besøkt Marius Gaigu på sjukehuset, må sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal leite etter vikar. Han har planlagt eit stramt program, med tretti framsyningar på tretti dagar. Foto:

Det var rumenske Marius Gaigu som fall ned sju meter under Cirkus Agora si framsyning i Molde fredag kveld.

DEL

Gaigu fekk eit brot i venstre ankel, og er elles kraftig forslått, men han har ikkje tenkt å gje seg. Frå sjukesenga på Molde sjukehus seier han dette til Romsdals Budstikke:

– The show must go on. Eg håpar å vere tilbake i manesjen om to månader.

– Vi er som ein stor familie. Dette er det verste ein sirkusdirektør kan oppleve. Eg takkar Gud for at det trass alt gjekk så bra som det kunne, seier sirkusdirektør Jan Ketil Smørdal til avisa.

I tillegg til at Gaigu braut ankelen, fekk ein i publikum sårskadar i hovudet. Han kom på neste framsyning og fekk blomar.

– Han, som vi, var berre glad for at alt hadde gått såpass bra, seier Smørdal til NRK.

Ifølge NRK skal Arbeidstilsynet følge opp ulykka. Samtidig jaktar Smørdal vikar. Sirkuset frå Sogn og Fjrodane fyller tretti år i år, og har planlagt tretti framsyningar på tretti dagar.

Artikkeltags