Meiner regjeringa sviktar distrikta - igjen

LØFTEBROT: Trygve Slagsvold Vedum meiner statsbudsjettet ikkje kjem distrikta til gode.

LØFTEBROT: Trygve Slagsvold Vedum meiner statsbudsjettet ikkje kjem distrikta til gode. Foto:

STATSBUDSJETTET: Viktige infrastrukturtiltak for å skape busetting, vekst og utvikling i heile landet er blitt nedprioritert, meiner Senterpartiet.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Dei synest det er skuffande at tilskot til breibandutbygging har gått ned frå 138,7 millionar til 69,7 millionar.

– I trontalen sa regjeringa at dei ville auke farten på digitaliseringa av Norge, men dette budsjettet heng ikkje i hop med dei lovnadane. Med dette investeringsnivået på breiband vil det gå 90 år før heile landet har tilgang til breiband med god kapasitet. Det er rett og slett ikkje haldbart, seier Ivar Odnes (Sp), medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen i ei pressemelding.

Vil jobbe for kystnæringa

Også kysten blir nedprioritert, meiner partiet.

– Tilskot til fiskerihamner, som vi veit er nødvendig for å auke verdiskapinga langs heile kysten, er berre på halvparten av det nivået Frp lova då dei la fram NTP før valet. Vi vil no jobbe for å løfte kystinvesteringane slik at vi sikrar vekst i desse næringane som er så viktige for landet, seier Siv Mossleth (Sp), som også er medlem i transport- og kommunikasjonskomiteen.

– Løftebrot

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, meiner eit stort løftebrot er den store satsinga til regjeringa.

– I valkampen i 2013 lova FrP at bompengane skulle fjernast og drivstoffavgiftene skulle ned. Resultatet vart rekordauke i både bompengar og avgifter. For få månadar sidan lova dei at eigedomsskatten skulle fjernast, dei hadde til og med radioreklame med det som hovudsak. Kva skjer i det første budsjettet? Eigedomsskatten held fram som før. Regjeringa si største satsing er eit løftebrot, seier Slagsvold Vedum.

Han reagerer også sterkt på den geografiske profilen i budsjettet.

– Høgre og Frp held fram med å kutte i midlane som skal gå til å drive distriktspolitikk. Denne gangen vert det rundt 20 prosent i distriktsmidlane. I valkampen skulda regjeringspartia Senterpartiet for å svartmåle det som skjer i distrikta. Det vi gjorde var å beskrive realitetane som dei som bur i distrikta opplever kvar dag. No har vi nok ein gong fått det svart på kvitt: Regjeringa sitt største kutt kjem i midlane som går til distrikta, til dømes vert midlane som skal bygge breiband i distrikta halvert.

Artikkeltags