Gå til sidens hovedinnhold

Gjennomslag i Strandanipatunnelen

Artikkelen er over 3 år gammel

SELJE: Søndag kveld kom gjennomslaget på fv. 633 til Honningsvågen på Stadt.

Måndag blei hendinga feira med kake, skriv Statens vegvesen Region Vest i ei pressemelding.

– Gjennomslagssalva vart fyrt av klokka 18.30 søndag. Gjennomslaget er ein stor milepæl i prosjektet, og det er ein stor glede at me no har hol gjennom tunnelen. I ettermiddag blir det markering med kake for tunneldrivarane og mannskapet rundt, seier prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen.

Første salve på tunnelen gjekk i byrjinga av november, så det har tatt rundt seks månader å bore og sprenge seg igjennom berget. Den 595 meter lange tunnelen sikrar eit rasfarleg parti på fv. 633 ute ved Stadthavet.

–Tunnelriggen skal no brukast til å bore hol til ein del ekstra sikringsboltar, før dei reiser av garde med maskinen seinare i veka. Deretter skal solen i tunnelen reinskast og arbeidet med å legge røyr, kummar og vass- og frostsikring startar, seier Huseklepp.

Så startar arbeidet med elektriske installasjonar og naudsystem inn i tunnelen.

YIT Norge AS har stått for tunneldrivinga, medan Volda Maskin har teke utlasting av steinmassar og bygging av veg og deponi i dagsona. Målet er å få tunnelen klar til opning før kommande vinter set inn for fullt.

 

Kommentarer til denne saken