Gå til sidens hovedinnhold

Siktar ektemann for aktlaust drap etter båtulykke i Selje

Artikkelen er over 3 år gammel

SELJE: Politiet mistenker at ein mann i 40-åra hadde promille under ei i båtulykke i Selje 19. mai i år.

Det melder BT onsdag.

Ei 41 år gammal kvinne omkom i ei båtulykke ved øya Selja i mai. No melder avisa at politiet har sikta ektemannen for køyring i rusa tilstand og uaktsomt drap.

Tidspunktet for ulykka har vore uklart, men politiet meiner no at den skjedde mellom 02.30 og 03.00. Politiet meiner vidare at den sikta har vore bevisstlaus eller gått i ei sjokkliknande tilstand etter ulykka.

– Vi ventar på fleire svar for eventuelt å gje juristane grunnlag for ein tiltale, seier Nils Bakke, som er straffesaksansvarlig i Nordfjord, til BT.

Les også

Kvinne (41) døydde etter båtulykka 

Les også

Båt med to personar køyrde på land – stor redingsaksjon starta

Kommentarer til denne saken