Kvinne i 40-åra kritisk skadd etter båtulykke

REDNINGSAKSJON: Ein båt med to personar køyrde på land i Selje.

REDNINGSAKSJON: Ein båt med to personar køyrde på land i Selje. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SELJE: Ein båt med to personar køyrde på land laurdag morgon. Ei kvinne blei henta opp frå sjøen av dykkarar.

DEL

Alarmsentralen i Florø fekk klokka 06.45 laurdag morgon inn melding om at ein båt har køyrd på land på øya Selja i Selje kommune. Det vart sett i gang ein redningsaksjon med luftambulanse, redningshelikopter, redningsskøyte, redningsdykkarar frå Vågsøy og brannmannskap frå Selje.

Politiet melde klokka 08.14 at ein mann i førtiåra hadde komme seg ut av båten og varsla om ulykka.

Kvinne kritisk skadd

Ei kvinne i førtiåra blei henta opp av sjøen av dykkarar frå lokalt brannvesen. Ho var inne i båten, som låg med baugen opp, då ho vart henta ut. Det er uvisst kor lenge kvinna kan ha lege under vatn før ho blei henta opp.

Kvinna er kritisk skadd etter ulykka. Det melde Haukeland sjukehus i ei pressemelding klokka 13.15 laurdag.

Til Haukeland i helikopter

Ho fekk førstehjelp av helsepersonell på staden, før ho blei frakta til Haukeland sjukehus med helikopter.

Både mannen og kvinna skal vere frå Sogn og Fjordane.

Ulykka skjedde på sørspissen av øya Selja, nærare bestemt ved Elshaugneset.

– Båten var sokke då vi kom fram, og ein person var sakna, fortel Øystein Sandberg, skipper på redningsskøyta SR Hafldan Grieg.

Då redningsskøyta kom fram var det allereie sett i gang søk frå ein lastebåt og frå hurtigbåten som går mellom Bergen og Selje. Båten hadde sokke til botn, men det var ikkje djupare enn at baugen var like under overflata.

Det er uvisst kva som er grunnen til at båten gjekk på grunn. Sanberg fortel at det var fint vêr og nesten vindstille på staden.

Saka held fram under bilde.

SOKK: Båten sokk etter å ha treft land. Her vert den henta opp frå sjøen.

SOKK: Båten sokk etter å ha treft land. Her vert den henta opp frå sjøen. Foto:

Laurdag formiddag vart båten tatt på land. 

Avslutta aksjonen

Redningsmannskapet har søkt i sjøen for å få avklart om det var fleire om bord.

Per Algrøy, operasjonsleiar i Vest politidistrikt, seier klokka 09.00 at redningsaksjon og søk er avslutta.

– Det skal ikkje vere mistanke om fleire personar i sjøen. Mannen har nokre skrubbsår, og elles ikkje noko fysisk skade.

– Det blei ein dramatisk start på pinsehelga, skriv Redningsselskapet på sine Facebook-sider etter hendinga.

Artikkeltags