Motorsykkel og personbil har krasja i Selje

Artikkelen er over 2 år gammel

SELJE: Ein person send med luftambulanse til Ålesund sjukehus.

DEL

Ein person skal vere skadd etter at ein personbil og ein motorsykkel har kollidert ved Kjødspollen i Selje kommune. Det opplyser Vest politidistrikt klokka 17.00 laurdag ettermiddag. Dei fekk melding om ulykka klokka 16.47. Naudetatane har rykt ut.

Helse Førde AMK melder like før klokka halv seks at ambulanse er framme på staden og at luftambulanse er på veg.

Det var totalt to personar involvert i ulykka, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker ved Vest politidistrikt. Personen som køyrde motorsykkelen er skadd.

– Denne er frakta med luftambulanse til Ålesund sjukehus. Førebels veit vi ikkje noko om skadeomfanget, men vedkommande var medviten og pusta, seier Halleraker.

Føraren av personbilen, ei kvinne i 60-åra, skal ikkje vere skadd.

Ulykka skjedde på riksveg 620.

– Vi har førebels inga formeining om kva som har skjedd, anna enn at dei to køyretøya har møtt kvarandre og kollidert, seier Halleraker.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags