Rapport sår tvil om prestisjeprosjekt i vest

ENDRA UTGANGSPUNKT: Oppdaterte analysar frå Kystverket viser også at tunnelen ikkje vil bidra til like stor reduksjon i talet på dødsfall og personskadar som tidlegare.

ENDRA UTGANGSPUNKT: Oppdaterte analysar frå Kystverket viser også at tunnelen ikkje vil bidra til like stor reduksjon i talet på dødsfall og personskadar som tidlegare. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFERDSLE: Den forventa nytta av Stad skipstunnel er redusert med over 1 milliard kroner. Det slår ei ekstern kvalitetssikring av prosjektet fast.

DEL

– Hovudfunnet er at sidan regjeringa valde konsept i 2015 har kostnadsbildet endra seg i negativ favør, seier Pierre Henrik Bastviken i Atkins Noreg til Nynorsk pressekontor.

Saman med Oslo Economics har Atkins Noreg skrive rapporten på oppdrag frå Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet.

– Me vil no vurdere rapporten nøye før me tar stilling til vidare handtering av prosjektet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i ei pressemelding.

Samfunnsøkonomisk ulønsam

Kystverket har utarbeidd eit forprosjekt for Stad skipstunnel, og det er dette forprosjektet som no har vore gjennom ekstern kvalitetssikring – KS 2. Prosjekt med ei kostnadsramme over 750 millionar kroner må gjennom ekstern kvalitetssikring før det kan leggjast fram for Stortinget for endeleg avgjerd. Trass i at Kystverket har vurdert tunnelen som samfunnsøkonomisk ulønsam, tilrådde dei i fjor utbygginga.

– Konseptet er vald, og det stiller me ikkje spørsmål ved. Det eg kan seie er at bildet er veldig sprikande. Det er veldig ulike meiningar om tunnelen. Nokre interessentar seier det ikkje er behov, medan andre vil bruke tunnelen, men ikkje viss det blir brukarbetaling, seier Bastviken.

Forventa nytte av Stad skipstunnel er redusert med over 1 milliard kroner (over 60 prosent) sidan regjeringa valde konsept i februar 2015. Netto nytte er redusert frå -1,4 milliard kroner i KS 1 til -3,1 milliard kroner i vurderingane til Atkins Norge og Oslo Economics.

Den første i verda

Krefter har i fleire tiår jobba med å få realisert planane om tunnelen mellom Eide i Moldefjorden under Mannseidet til Kjødepollen ved Vanylvsfjorden. Tunnelen er planlagt å vere 1.700 meter lang, 36 meter brei og 50 meter høg, og skal vere den første skipstunnelen av denne dimensjonen i verda. Målet er å gjere det tryggare for skipstrafikken å krysse det vêrutsette Stadhavet.

Stad skipstunnel ligg inne i investeringsramma for Nasjonal transportplan 2018–2029. Regjeringa og støttepartia sette i fjor av 1,5 milliardar kroner i første planperiode (2018–2023) og 1,2 milliardar i andre del (2024-2029). Med desse løyvingane var tunnelen i praksis fullfinansiert. No er dette bildet endra.

– Dersom prosjektet skal realiserast anbefaler me ei kostnadsramme på 4,35 milliard 2018-kroner inkl. mva. og ei styringsramme på 3,67 milliard 2018-kroner inkl. mva., heiter det i rapporten.

Departementet skal vurdere rapporten

Den ferske rapporten peiker vidare på at nytte av skipstunnelen er betrakteleg redusert frå KS 1 til KS 2. Oppdaterte analysar frå Kystverket viser også at tunnelen ikkje vil bidra til like stor reduksjon i talet på dødsfall og personskadar som tidlegare. Derimot gir Stad skipstunnel noko auka risiko for grunnstøyting.

Vidare undervurderer prosjektet utfordringane når det gjeld innhald og organisering, står det å lese i rapporten. Årsaka er at Stad skipstunnel er eit unik prosjekt utan direkte referansar. Kystverket har aldri tidlegare organisert eit så stort prosjekt og kostnadane til dette er undervurdert, meiner kvalitetssikrarane.

I rapporten kjem det fram den samfunnsøkonomiske ulønsemda har auka. Det er ein kostnad for samfunnet på 26.000 kroner for kvart av dei ti til tolv fartøya som passerer skipstunnelen per dag i 40 år.

– Netto nytte er låg og kostnaden av passeringa av kvart skip er høg, seier Bastviken.

Artikkeltags