Reiste på fest, truga med å drepe fleire folk

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Politiet måtte natt til laurdag rykke ut til Frimannsbua i Selje etter meldingar om bråk.

Der var det ein ein mann i slutten av 20- åra som var i alt anna enn festhumør. 

– Mannen var på stigande rus, skjelte ut vakter, hamna i slåstkamp og truga med å drepe folk, seier operasjonsleiar Gustav Landro i Vest politidistrikt.

Då vaktene kom fram til uteståande 02.33 var mannen roleg.

– Det heile enda med at han blei køyrt heim til slutt, seier Landro. 

Det blir oppretta sak på hendinga.

I Stryn lagde ein mann kvalm på ein utestad og ville ikkje forlate staden.

– Han heiv snø på vaktene og ville ikkje gå. Han roa seg då politiet kom fram.

Også i Florø var det folk på fest som lagde styr:

– Det var ein mann som var trugande og slo til nokre ruter på ein utestad. Han blei vist vekk frå staden, seier Landro. 

Politiet har fått eit par meldingar om påkøyrsle av hjort, mellom anna i Skjolden og i Bremanger.

I Ytrehus i Bremanger køyrde ein politibil på ein hjortekalv. Viltnemnda er kontakta. 

Artikkeltags