Stad-tunnelen: – Rapporten utelét viktige parameter

TUNNEL: Kvar segling gjennom Stad skipstunnel kostar samfunnet 26.000 kroner.

TUNNEL: Kvar segling gjennom Stad skipstunnel kostar samfunnet 26.000 kroner. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFERDSLE: Kvar segling gjennom Stad skipstunnel kostar samfunnet 26.000 kroner. Likevel forventar fylkesordføraren i Sogn og Fjordane at tunnelen blir bygd som planlagd.

DEL

– Det er mange vegprosjekt som ikkje blir rekna som samfunnsøkonomisk nyttige, men som det er nyttig å byggje likevel, seier fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane fylkeskommune til Nynorsk pressekontor.

Ei ekstern kvalitetssikring slår fast at den forventa nytta av prestisjeprosjektet Stad skipstunnel er redusert med over 1 milliard kroner.

– Hovudfunnet er at sidan regjeringa valde konsept i 2015, har kostnadsbildet endra seg i negativ favør, samanfatta Pierre Henrik Bastviken i Atkins Noreg rapporten.

Saman med Oslo Economics har Atkins Norge skrive rapporten på oppdrag frå Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet. Rapporten – KS 2 – er del av kvalitetssikringsordninga som er etablert for offentlege prosjekt som kostar meir enn 750 millionar kroner.

– Kan ikkje setje to strekar under desse svara

Rapporten konkluderer med at forventa nytte av tunnelen er redusert frå minus 1,4 milliard kroner i KS 1 til minus 3,1 milliard kroner. Det betyr eit tap på 26.000 kroner for kvart av dei ti til tolv fartøya som passerer skipstunnelen per dag i 40 år.

Følling sit også i Prosjektgruppa for Stad skipstunnel, ei interessegruppe som jobbar for å realisert Stad skipstunnel som eit nasjonalt prosjekt gjennom ei særskilt statleg finansiering. Ho meiner analysane i rapporten ikkje fangar opp alle verdiar, som til dømes dei positive effektane av den eksportretta fiskerinæringa.

Ho er særleg skeptisk til at KS 2-rapporten peikar på at det er betydeleg uvisse om Stad skipstunnel vil føre til oppretting av eit nytt hurtigbåttilbod.

– Vi er allereie i gang med å greie ut ei hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund, seier ho.

Både Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland har gjort vedtak om å sjå nærare på ei slik rute, fortel Følling. Økonomane bak rapporten vurderer nytta av ei eventuell ny hurtigbåtrute uansett til ikkje å vere positiv.

– Ved å ta ut viktige parameter så kan ein ikkje setje to strekar under svara i rapporten. Her ligg det ein gevinst som ikkje er rekna med, meiner Følling.

Er del av nasjonal transportplan

Stad skipstunnel ligg inne i investeringsramma for Nasjonal transportplan (NTP) 2018–2029. Regjeringa og støttepartia sette i fjor av 1,5 milliardar kroner i første planperiode (2018–2023) og 1,2 milliardar i andre del (2024-2029). Med desse løyvingane var tunnelen i praksis fullfinansiert. No er dette bildet endra.

– Dersom prosjektet skal realiserast, anbefaler me ei kostnadsramme på 4,35 milliard 2018-kroner inkl. mva. og ei styringsramme på 3,67 milliard 2018-kroner inkl. mva., heiter det i rapporten.

– Meiner du prosjektet bør gjennomførast for kvar ein pris, Følling?

– Prisen var jo kjent då fleirtalet i Stortinget vedtok NTP. Den var jo ikkje i 2018-kroner. Eg ser dette som ei justering i prisvekst, seier Følling om tala i den nye rapporten.

– Ei anna tilnærming

KS 2 er ein gjennomgang av to tidlegare rapportar og studiar frå Kystverket. Desse rapportane konkluderte med at prosjektet ikkje er lønsamt, men likevel nødvendig.

– Me registrerer at dei som har skrive rapporten, har ei anna tilnærming til prosjektet enn oss, seier prosjektleiar Terje Andreassen i Kystverket.

KS 2-rapporten frå Atkins og Oslo Ecomonics konkluderer med at Kystverket har undervurdert utfordringane ved bygginga av den 1.700 meter lange tunnelen. Årsaka er at Stad skipstunnel er eit unik prosjekt utan direkte referansar. Kystverket har aldri tidlegare organisert eit så stort prosjekt og kostnadane til dette er undervurdert, meiner kvalitetssikrarane.

– Det får stå for deira rekning. Ja, det er eit unikt prosjekt, men det er solid kunnskap om bygging av tunnelar og fjellhallar i Noreg, svarer Andreassen.

– Ein må ikkje gjere det for komplisert heller, legg han til og peikar på at det er mykje god kompetanse i Noreg.

Departementet skal vurderer rapporten

Kystverket ventar på no behandlinga i Samferdsledepartementet. Departementet på si side er ordknapp og skriv kort på nettsida si at dei har fått rapporten og at den inneheld «element knytt til både nytteverdi og kostnader».

– Me vil no vurdere rapporten nøye før me tar stilling til vidare handtering av prosjektet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen i pressemeldinga.

Følling les ikkje uvisse inn i utsegna til samferdsleministeren.

– Dei må sjølvsagt vurdere det, men eg forventar at tunnelen blir bygd som planlagd.

Artikkeltags