Gå til sidens hovedinnhold

Finn ikkje dødsårsaka, legg vekk saka

Artikkelen er over 5 år gammel

Har eliminert mange årsaker til utforkøyringa, men står enno utan svar

Politiet greier ikkje å finne ut kva som var årsaka til den tragiske ulykka i Selje i fjor haust der to ungdommar omkom.

Ida Tahooni Kivi (18) og Wahid Babaie (19) omkom då bilen dei sat i køyrde av vegen ved fv. 618 ved Røyrvikneset i Selje kommune.

Etter at politiet etterforska saka enda den hos Statsadvokaten. No er innstillinga frå politiet og påtalemyndigheiter å henlegge saka.

Det skriv Fjordenes Tidende.

– Vi har eliminert veldig mange årsaker til utforkøyringa. Det var ikkje fart, ikkje rus, ikkje møtande biler, ikkje glatte vegar, ikkje mobilbruk, seier etterforskningsleiar Øystein Ruud ved Eid lensmannskontor til avisa.

Les også: Familie og vener minnast Ida (18) og Wahid (19) og – Vi er i sjokk alle saman, seier ven av dei omkomne

– Det vi sit igjen med er at sjåføren har vore uoppmerksam av ein eller annan grunn. Kanskje var det eit dyr som sprang ut i vegen, og sjåføren prøvde å svinge unna? Det blir berre spekulasjonar, seier Ruud til Fjordenes Tidende.

Les også: Fleire vitne har meldt seg og  Gripande gravferd

Tenåringane var på veg frå Selje til Måløy for å vise kjenningar vegen då ulykka skjedde. Dei dukka aldri opp og blei meldt sakna. Bilen blei seinare funne på ni meters djup 6. november. Obduksjonen viste at dei døydde av drukning.

Kommentarer til denne saken