To har mista livet i båtulykker i fylket i år. No skal ulykkene undersøkast nærare

DØDSULYKKE: Ei kvinne mista livet då ein båt køyrde på land på øya Selja i Selje kommune i mai.

DØDSULYKKE: Ei kvinne mista livet då ein båt køyrde på land på øya Selja i Selje kommune i mai. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Totalt i år har fire personar mista livet i fritidsbåt-ulykker i Sogn og Fjordane og Hordaland.

DEL

Desse skal no undersøkast av Statens havarikommisjon for transport, skriv Bergens Tidende.

– Vi ser eit behov for å hente inn meir fakta og kunnskap, seier havninspektør Pål Brennhovd ved Statens havarikommisjon for transport, til BT.

Målet er å styrke sikkerheita, og går alt etter planen skal ein rapport verke klar i mars neste år.

To på ein månad

I Sogn og Fjordane har det i år skjedd to dødsulykker med fritidsbåt. Begge i Vågsøy kommune. Den første var 23. april då ein båt vart funnen med kjølen opp. Ein person vart funnen i sjøen, og vart seinare erklært omkommen.

Under ein månad seinare grunnstøytte ein båt ved Selje. Ein person kom seg i land, og ei kvinne vart seinare henta ut frå båten. Ho var omkommen.

Aldri undersøkt før

– Vi skal mellom anna sjå på fart og promille, og danne oss eit bilde av erfaringa til båtførarane, og kor godt kjende dei er i området, seier Brennhovd til BT.

Det er i snitt 30 personar som mistar livet i fritidsbåtulykker her i la kvart år.

– Undersøkingar om dødsulykker blir for første gong gjennomført i år. Kartlegginga vil bygge på informasjon frå hovudredningssentralane, politi og redningsmannskap, seier Brennhovd til avisa.

Artikkeltags