Tiltalte for å sette fyr på sitt eige hotell

FYR: 37 personar måtte evakuerast under brannen, som blei meldt rundt klokka halv fire natt til 25. november 2016. No er brørne som dreiv hotellet tiltalt for å ha tappa hotellet for pengar og sett fyr på det.

FYR: 37 personar måtte evakuerast under brannen, som blei meldt rundt klokka halv fire natt til 25. november 2016. No er brørne som dreiv hotellet tiltalt for å ha tappa hotellet for pengar og sett fyr på det. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SELJE: Politiet meiner at dei tre brørne som dreiv Selje hotell tappa hotellet for pengar og sette fyr på det.

DEL

Det skriv Bergens Tidende.

Natt til 25. november i fjor brann store delar av Selje hotell ned til grunnen. Politiet sikta raskt tre personar for å sette fyr på hotellet: dagleg leiar, styreleiar og ein aksjeeigar ved hotellet, alle brør frå Sverige.

No er brørne tiltalte for forsikringssvindel, grovt skadeverk og grov økonomisk utruskap. Tiltalten blei forkynt onsdag og torsdag denne veka.

– Vi meiner dei har tappa hotellet for midlar sidan dei kjøpte hotellet i 2014. Alle tre er tiltalt for å ha deltatt eller vore med i planlegginga av brannen, seier politiadvokat Magne Nyborg til BT.

Ifølge det BT skriv skal brørne ha brukt tidsur for å tenne på hotellet, der målet var å starte brannen når dei var i Sverige. Dette skal ikkje ha fungert i matsalen til hotellet, og denne fløya brann difor ikkje ned.

Dei no tiltalte brørne har sete varetektsfengsla sidan politiet arresterte dei ei veke etter brannen.

Rettsaka er planlagt å starte den 18. september, og skal gå over tre veker i Fjordane tingrett.

Les også:

Direktøren tilstår å ha starta brannen

Rigga brannfelle og rømde landet

Artikkeltags