Hotellbrann-saka i Selje endar i Høgsterett

Artikkelen er over 1 år gammel

KRIM: Den tidlegare styreleiaren ved Selje hotell, som vart dømd for medverknad til hotellbrannen i Selje får prøve saka si for Høgsterett.

DEL

Det skriv Sunnmørsposten.

Mannen vart dømd, først i Sogn og Fjordane tingrett, og seinare i Gulating lagmannsrett som ankesak, der han fekk ei fengselsstraff på seks og eit halvt år.

Ankesaka gjekk føre seg i oktober i 2018. Der gav Gulating lagmannsrett politiet medhald i at styreleiaren var med hotellsjefen då han sette fyr på Selje Hotel i 2016.

Styreleiaren vart også dømd for økonomisk utroskap, og ankeutvalet i Høgsteretten har no bestemt at han får teke opp delen av anka som gjeld straffeutmålinga på seks og eit halvt års fengsel.

Artikkeltags