Sjå kven som ankra opp her

Laurdag føremiddag låg KS Norge framleis ankra opp like ved land.

Laurdag føremiddag låg KS Norge framleis ankra opp like ved land. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SELJE: Har fått besøk av kongelege.

DEL

Seint fredag kveld dukka kongeskipet «KS Norge» opp ved Selje i Nordfjord. Laurdag føremiddag låg framleis skipet ankra opp like ved tettstaden Selje.

– Det er jo eit veldig flott syn. Nokre gonger tidlegare har skipet lege lenger ute, men i dag ligg skipet rett utanfor nausta på Seljesanden. Eg reknar difor med at Dronning Sonja kan vere på ein eller anna fjelltur i området. Her er det jo veldig mange tur-moglegheiter no i finevêret, seier Anna Kjemphol som laurdag føremiddag la ut bilde av kongeskipet på Facebook.

– Frå plassen eg står no ser eg at det er folk oppe på dekk, men det er mest truleg mannskapet som er i aktivitet. Og når skipet seglar med flagget oppe, så skal det vere kongelege om bord. Eg veit at Kong Harald var på Runde førre dagen, medan Dronning Sonja var i Flekke i Sunnfjord. Så kanskje begge to er om bord no, seier Kjemphol.

Ifølge nettsida Marine Traffic.com har kongeskipet Bergen som neste destinasjon.

KS Norge vart gjeve til kongefamilien som ei gåve frå folket i 1948, og er mykje brukt av dei kongelege i sommarhalvåret. Vanlegvis nyttar dei KS Norge ut september, så turen langs Vestlandet kan truleg vere den siste for året. Skipet er 80,6 meter langt og har ei breidde på 11,6 meter. Til vanleg har skipet eit mannskap på totalt 54 personar, 18 befal og 36 vernepliktige, ifølge Wikipedia.

Artikkeltags