Tjuvar har forsynt seg av pengar i butikk

INNBROT: Joker på Flataker i Selje hadde i natt innbrot.

INNBROT: Joker på Flataker i Selje hadde i natt innbrot. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

POLITI: Både på Nordfjordeid og i Selje har tjuvar vore på ferde natt til fredag.

DEL

Dagleg leiar på Nordfjord bilsenter ringte til lensmannskontoret fredag morgon og melde om innbrot. Døra til bilsenteret har blitt brote opp og kasseapparatet er stole, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Også på Joker i Selje er det meldt om innbrot i natt. Ei rute er knust og det er stole pengar frå kassa.

Fjerna vindauge til lagerport

Klokka 10.28 melde operasjonssentralen at politiet har avslutta undersøkinga på Jokerbutikken i Selje. Kort tid før vart det meldt at det også var avslutta ved Nordfjord Bilsenter.

Det skal ha blitt stole kontantar og nokre sigarettpakkar ved Jokerbutikken, og det er fjerna eit vindauge i ein lagerport for å komme seg inn i butikken.

Ingen mistenkte

– På Nordfjord Bilsenter kan ikkje eigar sjå at det ikkje stole noko. Kassaapparatet er brote opp, men det er ikkje tatt noko pengar. Vi har vore på staden og gjort undersøkingar, men vi har ikkje så mykje å gå etter slik det ser ut no, seier lensmann Tormod Hvattum på Eid.

Førebels kan ikkje politiet seie noko om det er ein samanheng mellom tjuveria i Eid og Selje.

– Vi har ikkje funne noko som tilseier det per no, men vi vil gjerne ha tips frå publikum.

Då kan du ringe 02800.

Artikkeltags