Her akar syriske Katia (13) for første gong

Artikkelen er over 1 år gammel

GAULAR: Katia og bror hennar fekk akebrett til jul, men hadde aldri aka før. Denne søndagen endra det seg.

DEL

– Eg gler meg!

Det seier Katia Shehab Aldeen (13) på Sande. Ho og bror hennar Morhaf Shehab Aldeen (9) fekk prøve noko heilt nytt denne søndagen: å ake. Dei kjem frå Syria, og har budd på ein liten gard utanfor Sande sidan september, saman med mor og far sin.

Denne jula fekk dei akebrett i presang frå far sin. Vêrgudane har ikkje vore særleg på lag med dei akelystne i det siste. Men denne søndagen låg alt til rette for at Katia og Morhaf skulle få prøve ut dei nye innretningane sine.

Sjå video av akinga til høgre.

Nølte litt først

PÅ TOPPEN: Katia og Morhaf fekk tydeleg meirsmak av akinga.

PÅ TOPPEN: Katia og Morhaf fekk tydeleg meirsmak av akinga. Foto:

– Det er litt snø i Syria, men vi har aldri aka før, seier Katia spent.

Akebretta skulle testast ut i ein bakke like utanfor Sande-sentrum. Morhaf tok på seg dress, men søstera på 13 var ikkje så lysten på å gå med den svære, gråe og trauste termodressen ho blei tilbydd.

Sjølv om bakken ikkje var den brattaste, er det ikkje berre berre å sette beina oppå kjelken og fyke av garde. Morhaf hoppar i det. Søstera kvir seg i nokre minutt, før ho legg merke til gleda Mohaf utstrålar når han har nådd botnen av bakken heilskinna.

– Ja vel, då!, tenker Katia truleg, for plutseleg set ho beina på kjelken og lar seg fare. Med eit ekte smil som ein berre får når ein prøvar noko nytt, sklir ho gjennom den første, litt slakke delen av bakken. Men ho stoppar ikkje der, og sklir like gjerne ned den siste, brattaste delen i same sleng.

– Det var veldig gøy, strålar dei begge.

Bodil Øvretveit blei med på akinga.

Bodil Øvretveit blei med på akinga. Foto:

Har det fint i Gaular

– De er jammen flinke, jublar Bodil Øvretveit.

Ho kjenner både mor, far, onklane og bestefaren deira, som alle bur rundt om i Gaular. Ho seier ho er blitt veldig glad i Katia og Morhaf gjennom dei tre månadane dei har budd her.

Dei to borna seier sjølv at dei trivst i Gaular. Øvretveit fortel at Morhaf skal begynne å spele kornetthorn i skulemusikken. Katia er den flinkaste i klassen i matematikk, held ho fram.

– Syrarane er så utruleg glade og smilande. Det er veldig kjekt å vere med dei.

– Det er veldig kjekt å vere med deg også, seier Katia.

Artikkeltags