Skadeverk på Sandane kulturskule

Politiet kjem til å følge opp saka over helga.

DEL

Natt til laurdag har det blitt gjort eit skadeverk på eit toalett på Sandane kulturskule. Politiet veit førebels ikkje kva som har skjedd, men kjem til å sjå på det over helga. Det opplyser operasjonsleiar Terje Magnussen.

– Vi har ikkje gjort noko operativt på staden, seier han.

Det har også vore skadeverk i Song i natt der eit vindauge har blitt knust ved Gildevangen i Sogndal.

– Det skal ha blitt kasta ein ølflaske, seier Magnussen.

Artikkeltags