Politiet: – Ring om du ser denne bilen

RING POLITIET OM DU SER DENNE: Lensmann Nils Ove Roset ved Gloppen lensmannskontor ber alle som ser denne bilen om å varsle politiet.

RING POLITIET OM DU SER DENNE: Lensmann Nils Ove Roset ved Gloppen lensmannskontor ber alle som ser denne bilen om å varsle politiet. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

GLOPPEN: Stal med seg varer frå Frydenbø Bilsenter på Sandane. Politiet ber folk ringe om dei ser bilen.

DEL

Tidleg på morgonkvisten onsdag skal det ha blitt stole bildelar frå bilforhandlaren Frydenbø Bilsenter på Sandane.

Varene blei tatt inn i ein kvit varebil (på bildet frå overvakingskamera) og køyrd vekk. Bilforhandlaren har meld saka til lensmannskontoret i Gloppen.

Lensmann Nils Ove Roset ber folk om å ikkje nøle med å ringe politiet om dei ser bilen, som truleg befinn seg ein stad i fylket. Vidare viser han til operasjonssentralen.

Operasjonsleiar Per Rimmen seier at denne bilen har vore observert i høve eit tjuveri på Sandane tidlegare.

Klokka 19 tysdag kveld fekk politiet tips om at bilen var observert i indre Sogn. Deretter fekk dei tips om at den hadde passert Reed og var på veg mot Sandane. Utpå onsdag kom meldinga om tjuveriet hos bilforhandlaren på Sandane, opplyser Rimmen.

Operasjonsleiaren vil ikkje gå ut med fleire detaljar om tjuveriet. Vidare skal Gloppen lensmannskontor etterforske saka.

Artikkeltags