Kan bli streik på Sandane lufthamn Anda

KAN BLI STREIK: Elleve tilsette ved Sandane lufthamn Anda kan bli tekne ut i streik frå fredag 29.06 klokka 10.00.

KAN BLI STREIK: Elleve tilsette ved Sandane lufthamn Anda kan bli tekne ut i streik frå fredag 29.06 klokka 10.00. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

GLOPPEN: Frå fredag klokka 10.00 kan elleve tilsette på Sandane lufthamn bli tekne ut i streik.

DEL

196 medlemmer i Norsk Tjenestemannslag kan bli tekne ut i streik fredag 29.juni klokka 10.00 i Avinor og Avinor Flysikring, skriv LO Stat i ei pressemelding.

Blant desse er det i første streikeuttak snakk om elleve tilsette på Sandane lufthamn.

Kjernen i striden står om retten til å forhandle om pensjonar i Avinor.

– Saka om pensjonar i Avinor kunne vore løyst for fleire år sidan. Løysinga er enkel. Vi forhandlar gjerne ny pensjonsordning, men då må Avinor legge vekk kravet om å diktere oss. Same kva Spekter og leiinga i Avinor seier, handlar denne meklinga om å forsvare retten til å forhandle pensjon, seier Lise Olsen, nestleiar i LO Stat og forhandlingsleiar, ifølge pressemeldinga.

Meklinga startar torsdag 28. juni klokka 10 med ein meklingsfrist ved midnatt same dag.

LO Stat meklar på vegner av Norsk Tjenestemannslag, og Spekter meklar på vegner av Avinor og Avinor flysikring.

Desse kan bli råka i første fase av streiken:

  • Alta lufthavn (19)
  • Honningsvåg lufthavn (10)
  • Rørvik lufthavn (9)
  • Sandane lufthavn (11)
  • Sandnessjøen lufthavn (15)
  • Stavanger lufthavn (81)
  • Svolvær lufthavn (8)
  • Oslo lufthavn Gardermoen (25)
  • Avinor flysikring (4)
  • Avinor hovudkontor (14)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken