Frykta tømmer skulle blokkere elv- brannvesenet måtte rykke ut

DEL

Brannvesenet fekk klokka 12.00 laurdag melding om at det låg ein del tømmer i elva ved Mo og Øyrane vgs. på Mo.

Tømmeret låg som ei blokkering ved brua.

– Det var bekymring for at det kunne stoppe det andre tømmeret som skulle vidare nedover elva, seier Frode Korneliussen i Alarmsentralen.

Brannvesenet reiste ut og fekk fjerna blokkeringa. Om lag klokka 15.00 var dei ferdige med arbeidet.


Artikkeltags