Kraftig auke i straumprisen i fjor

Strømprisen steg kraftig i 2016.

Strømprisen steg kraftig i 2016. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

STRAUMPRIS: Prisane steig med 18 prosent i 2016.

DEL

Den gjennomsnittlege straumprisen for hushaldningar gjekk betydeleg opp i fjor samanlikna med 2015. Prisen gjekk opp med 18 prosent. 

Gjennomsnittsprisen låg på 31,6 øre per kilowatt, før avgifter og nettleige, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I 1. kvartal betalte hushaldningane i gjennomsnitt 28,7 øre per kilowatt for straumen, mens prisen i 4. kvartal var stege til 37,6 øre/kWh. Auken kan blant anna sjåast i samanheng med utviklinga i vasstanden i norske magasin i perioden, ifølge SSB.

Medrekna avgifter og nettleige kom den totale straumprisen i fjor opp i 91,8 øre per kilowatt i gjennomsnitt, skriv nettavisa Siste. Det er 14 prosent høgare enn i 2015.

Tala viser også at det i fjor, i motsetning til tidlegare år, var billigare med fastprisavtaler. Prisane på fastprisavtalar låg på mellom 28,5 og 30,5 øre per kilowatt i gjennomsnitt, avhengig av lengde på kontraktane, mens elspotprisen gjennomsnittleg låg på 30,2 øre per kilowatt. For variable kontraktar betalte hushaldningane 35,2 øre.

Over 70 prosent av straum selt til hushaldningane blei selt via kontraktar knytt til elspotprisen, som normalt er den billegaste i gjennomsnitt over året. (ANB-NTB)

Artikkeltags