Hugs: I natt må du stille klokka!

Natt til søndag er vintertida over, og klokka skal stillast éin time fram. Foto: Hallvard Østrem / NPK

Natt til søndag er vintertida over, og klokka skal stillast éin time fram. Foto: Hallvard Østrem / NPK Foto:

Av

Natt til søndag 31. mars klokka 2 startar sommartida. Det betyr at klokka blir stilt éin time fram og at du kan sjå fram mot lysare kveldar.

DEL

– Mange har håpt på at det snart blir slutt på klokkestillinga. Det blir det altså førebels ikkje. Eit plaster på såret er at vi får lysare kveldar. Det er godt nytt for både A- og B-menneske, meiner tidsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

EU-kommisjonen foreslo i haust at vi skal slutte å stille klokka fram og tilbake kvart halvår. Tysdag gjekk EU-parlamentet inn for at det frå 2021 skal vere opp til kvart enkelt medlemsland å avgjere om ein vil behalde vintertida eller sommartida som standardtid.

Men medlemslanda i EU har ikkje komme til semje, og forhandlingane kan trekke ut.

– Noreg er i gang med å vurdere forslaget for vår del, og saka vil bli sendt på høyring, seier næringsminister Isaksen.

Statsråden har ansvar for Justervesenet og dermed òg kontroll på nøyaktig tid. Ein grei hugseregel er at klokka alltid skal stillast mot næraste sommar. Altså ein time fram om våren (mot sommaren) og ein time tilbake om hausten (mot sommaren).

Artikkeltags