Skattesmell for pendlarar over nyttår

1. januar kjem ei endring som gjer at pendlarar kan miste eit årleg frådrag på over 30.000 kroner.

DEL

Frådrag for kost og losji for pendlarar blir berre gitt for ein periode på 24 månader frå det tidspunktet skattytar først vart gitt frådrag for meirkostnadene, ifølgje Skatteetaten. 24-månadersregelen tredde i kraft med verknad frå og med 1. januar 2018.

Det betyr at dei som framleis pendlar til same kommune når året skiftar til 2020, vil miste frådraget sitt.

Økonomirådgivar Espen Øren i HR-selskapet Infotenester skisserer dette reknestykket i ein situasjon der ein arbeidstakar bur på austlandsområdet og pendlar inn til Oslo.

– Ein gjennomsnittleg leigepris for ein 2-roms i Oslo er 13.000 kroner i månaden, ifølgje Utleiemegleren. Det betyr at ein pendlarbustad i snitt vil koste 156.000 kroner i året, og pendlaren vil då frå 2020 miste 34.320 kroner i frådrag årleg, seier han til NTB.

– Denne 24-månadersregelen gjeld òg kost, men det vil berre gjelde dei som bur på hotell eller pensjonat. Det er lite sannsynleg at dei som pendlar over fleire år, bur slik. Dei fleste vil nok då bu i bustader eller leilegheiter, meiner Øren.

Endringa kom i statsbudsjettet for 2018.

Artikkeltags