Fleire fly innstilt og forseinka

Vinden fører til trøbbel for fleire fly i fylket.

DEL

Ruskevêret i fylket har ført til trøbbel både for ferjer og for hurtigruta i morgontimane tysdag.

Ferjesamband går som vanleg att

Fv. 55 over Sognefjellet er også stengt av uvêr, melder Vegtrafikksentralen.

No er også flytrafikken råka.

Fly og helikopter råka

Ifølge Firdaposten er fleire flyavgangar til og frå Florø innstilt. 08.45-flyet frå Bergen blei først omdirigert til Førde, men måtte deretter fly sør til Bergen. 09.20-flyet frå Oslo måtte snu det også, og fly attende til Oslo. Dette gjer til at 09.25-avgangen til Oslo og 09.40-avgangen til Bergen frå Florø ikkje går.

Det er også forseinkingar i helikoptertrafikken frå Florø. 07.00-helikopteret til Transocean Spitsbergen og Snorre A er forseinka. Der kjem ny informasjon klokka 10.00. Det same gjeld 09.45-avgangen til Snorre A.

Tysdag er det meldt mykje nedbør, med mellom 50 og 80 mm regn einskilde stader. Det skal også blåse utover dagen. Vinden skal auke til sterk kuling i periodar sør for Stad.

Trøbbel ved Bringeland

Frå Bringeland blei flyet 09.05 til Florø og vidare til Bergen, innstilt tysdag. Flyet som skulle gå 09. 10 til Oslo var forseinka og gjekk 09. 45. Det er også venta ei forseinking på om lag 20 minutt på flyet som skal gå til Oslo 13.10 i ettermiddag, melder Widerøe.

Elles er det ikkje meldt om andre forseinkingar.

Innstilte fly frå Sandane og forseinking i Sogndal

Frå Anda lufthamn på Sandane blei morgonflyet 06.20 innstilt. Flyet som skal gå til Oslo 10. 25 er forseinka med 35 minutt. Dei andre rutene er per no forventa å gå som planlagt.

Frå Sogndal er det ingen fly som er innstilt, men fleire er forseinka. Flyet som skulle gå til Oslo 07.05 gjekk ein time seinare enn det skulle. Flyet som skulle gå til Sandane- Oslo 09.40, er venta å ta av 10.16.

Dei andre rutene frå Sogndal er venta å gå som planlagt.


Artikkeltags