Posten vil ha ombering annakvar dag frå 2020

ANNAKVAR DAG: I 2020 vil posten berre ha ombering annakvar dag.

ANNAKVAR DAG: I 2020 vil posten berre ha ombering annakvar dag. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: Dei vil likevel tilby dagleg levering i postboksar for dei som ønskjer det.

DEL

I sitt høyringssvar til Samferdselsdepartementet om endringar i postlova, påpeikar Posten at 95 prosent av det som i dag vert lagt i postkassen kan digitaliserast. Det påverkar postomberinga i framtida, og kan gje samfunnet store utgifter om ikkje Posten får endre seg i tide, melder NTB.

– Sjølv med færre omdelingsdagar vil Posten vere til stades i heile landet med regelmessig postomdeling til alle husstandar og bedrifter. I tillegg vil det framleis vere god tilgjengelegheit til inn- og utleveringspunkt, Post i Butikk, postkontor og postboksar som vil ta imot postsendingar fem dagar i veka, som i dag, skriv konsernsjefen i Posten Tone Wille i høyringssvaret.

Digitaliseringa har ført til fall med om lag 60 prosent i det adresserte brevvolumet sidan 2000. Det får konsekvensar. Allereie neste år ventar Posten at norske husstandar berre får tre adresserte postsendingar per veke. I 2022 berre to. 

– For Postens økonomiske bereevne er utviklinga dramatisk. Mange trekker fram at «Posten skal gå med post, ikkje med overskot». Det blir for enkelt. Posten skal levere dei tenestene du og eg faktisk treng, utan å belaste fellesskapet. Det betyr postomdeling annakvar dag og etter kvart éin dag i veka, seier konsernsjefen.

Dette vil påverke mellom anna papiraviser i område utan eige avisnett. I dag distribuerer om lag 15 prosent av avisene, hovudsakleg i distriktet. Desse vil få papiravisa vekselvis to og tre dagar i veka.

Artikkeltags