Ventar du på nye pass og ID-kort? Du må vente lenge

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

 Endå ei utsetting for nye pass og ID-kort.

DEL

Innføringa av dei nye passa og nasjonale ID-kort må utsettast endå ein gong. Justisminister Sylvi Listhaug (Frp) innrømmer at prosjektet har vore dårleg styrt.

Opphavleg var målet at passa og ID-korta skulle vere klare i desember 2016. Sidan har prosjektet blitt utsett fire gonger, seinast til desember 2018. No bekreftar Listhaug overfor VG at også denne tidsplanen vil sprekke.

– Vi ser at vi kjem til å trenge noko meir tid. Det går no føre seg samtalar med leverandøren om når dei kan levere, og til kva pris, seier Listhaug.

Ho innrømmer at både Justisdepartementet og Politidirektoratet har svikta undervegs.

– Prosjektet har ikkje vore planlagt godt nok frå starten. Samtidig har det vore for dårleg styring frå Politidirektoratet og for dårleg oppfølging frå departementet. Det har gjort at det har tatt lang tid før ein har sett problema, seier Listhaug.

Artikkeltags