Halvparten av oss meiner det blir drukke for mykje alkohol rundt barn på nyttårsaftan

Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: – Ikkje la årets siste dag blir ein dag med vonde minner for barna, rår Randi Hagen Eriksrud, generalsekretær i alkovettorganisasjonen Av-og-til.

DEL

I ei undersøking gjennomført av Respons Analyse på oppdrag frå alkovettorganisasjonen Av-og-til oppgir nesten halvparten at dei meiner folk drikk for mykje alkohol rundt barn på nyttårsaftan.

Det skriv Av-og-til i ei pressemelding.

Ifølge undersøkinga, svarar 49 prosent av folk på Vestlandet at dei meiner det blir drukke for mykje alkohol med barn til stades på nyttårsaftan.

Rusa vaksne kan vere ubehageleg for barn

– Desember er den månaden vi kjøper mest alkohol, og nyttårsaftan er for mange sjølve krona på verket. Då skal vi slå på stortromma. Samstundes er dette ein dag der barn får vere ekstra lenge oppe, og får med seg meir av festen. Då må vi gjere det vi kan for at også dei får gode nyttårsminne, seier Eriksrud i Av-og-til.

Ho er opptatt av å minne om at barn og vaksne gjerne oppfattar rus ulikt.

– Effekt av alkohol som vi gjerne set pris på, for eksempel at vi ler meir, snakkar høgare eller blir litt raude i kjakane, kan opplevast meir ubehageleg for barn. Dei ønskjer seg foreldre som er føreseielege og oppfører seg som normalt, seier Eriksrud.

– Nyttårsaftan kan vere litt skummel for barn

Ho trur nyttårsaftan kan vere ein kveld der barn set ekstra pris på å klemme litt ekstra hardt i mamma eller pappa si hand:

– Nyttårsaftan kan i seg sjølv vere litt skummel. Det er fyrverkeri, smell og kan nokre gonger opplevast litt kaotisk. Om mamma eller pappa i tillegg drikk på ein sånn måte at det blir ubehageleg, kan det som skulle vere koseleg opplevast vondt. Samstundes handlar det om tryggleik. Fyrverkeri inneber alltid ein risiko. Derfor er nyttårsaftan ein dag der det er ekstra viktig å vere klar i hovudet.

Eriksrud kjem med ei oppfordring til barnefamiliar:

– Hugs på barna på nyttårsaftan. Dei kan ikkje gå heim frå festen når dei synest stemninga blir dårleg, men er heilt prisgitt korleis vi vaksne oppfører oss. Sørg for å gje dei gode og fine minner frå årets siste dag. Tenk over kor mykje du drikk, seier Eriksrud.

Undersøkinga er gjennomført av Respons Analyse på oppdrag frå Av-og-til i november 2018. 1155 respondentar mellom 18 og 88 år er intervjua.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken