Bedrifter heidra for å ta samfunnsansvar

FEKK ROS: F.v. Direktør Rikard Grov ved Alexandra Hotel, personalsjef Unni Verlo ved Tine Meieri Byrkjelo, Rune Berglid frå Hagen AS, Sigrun Rygg i Jatak AS, og Per Steinar Sviggum i Nettbuss.

FEKK ROS: F.v. Direktør Rikard Grov ved Alexandra Hotel, personalsjef Unni Verlo ved Tine Meieri Byrkjelo, Rune Berglid frå Hagen AS, Sigrun Rygg i Jatak AS, og Per Steinar Sviggum i Nettbuss. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Er føredøme i å tilsetje folk med nedsett arbeidsevne.

DEL

Fem bedrifter i fylket fekk diplom, godord og blomar frå NHO Sogn og Fjordane, under Næringsdagane i Loen, tidlegare i månaden. Alexandra Hotell, Tine Meieri Byrkjelo, Hagen AS, Jatak AS og Nettbuss Sogndal er alle opptekne av å gi arbeid også til folk med nedsett arbeidsevne, og brukar «Ringar i Vatnet»-strategien for å finne flinke folk, skriv NHO Sogn og Fjordane i ei pressemelding.

 Prosjektet Ringar i Vatnet blir drive av NHO i samarbeid med attføringsbedriftene og NAV.

Engasjement

– Det er veldig fint å sjå engasjementet. Bedriftene i Sogn og Fjordane viser tydeleg vilje og evne til å tenke nytt i høve til rekruttering. Det vil nok bli langt fleire utdelingar i framtida, seier Ragnhild Friis-Ottessen, regionsansvarleg for Ringar i Vatnet Vest. På ein festmiddag sto ho for utdelinga saman med NHOs regionsdirektør Jan Atle Stang.

Stang rosa på si side bedriftene for det ansvaret dei tek i fylket. Han oppmoda samstundes endå fleire av medlemsbedriftene i NHO til å satse på den arbeidskrafta som Ringar i Vatnet saman med attføringsbedriftene kan tilby. Også Rikard Grov frå Alexandra Hotell rosa samarbeidet med den lokale arbeids- og inkluderingsbedrifta In Via.

60 rekrutteringsavtalar

Dei fire arbeids- og inkluderingsbedriftene Mentro AS, Origod AS, In Via og Sogneprodukt gjer alle ein fantastisk jobb med å få folk ut att i arbeid, seier Stang. Desse bedriftene har nærare 60 rekrutteringsavtalar med lokale bedrifter og eit godt samarbeid med NAV.

Bedrifta Jatakpå Kaupanger har er ei tilsetjing like om hjørnet og har i tillegg funna fleire andre arenaer der dei samarbeider med Sogneprodukt. Jatak er ei av dei nyaste avtalane for Ringar i Vatnet i fylket og har allereie vist seg å vere ei nøkkelbedrift, seier Friis-Ottessen.

Nettbuss Sogndal kan skryte av fire arbeidssøkjarar som har fått jobb og fleire er på veg inn. Per Steinar Sviggum fra Nettbuss hadde berre godord å seie om dei fire som har kome inn i bedrifta via Sogneprodukt. Dei samarbeider tett med NAV i Leikanger i høve til å finne framtidige arbeidstakarar som ønskjer å jobbe hos busselskapet.

Hagen AS har produksjonsavdelinga si i Stryn. Dei har tilsett to gjennom Ringar i Vatnet. Når det gjeld Tine Meieri Byrkjelo har dei lang tradisjon med å samarbeide både med NAV og lokale arbeids- og  inkluderingsbedrifter, skriv NHO i pressemeldinga.

Artikkeltags