Undersøking: 13.500 studentar har opplevd seksuell trakassering

Studenter på universitet. Student i auditorium. På vei inn til forelesning. Ung mann. Notater under armen. Pensum. 
Students on Campus.
Foto: Frank May / NTB scanpix
NB! MODELLKLARERT

Studenter på universitet. Student i auditorium. På vei inn til forelesning. Ung mann. Notater under armen. Pensum. Students on Campus. Foto: Frank May / NTB scanpix NB! MODELLKLARERT Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

SAMFUNN: Éin av tjue norske studentar har opplevd seksuell trakassering, viser ei ny undersøking. 28 prosent av trakasseringa kjem frå forelesarar eller rettleiarar.

DEL

Undersøkinga er utført av Sentio på vegner av Universitas og Norsk studentorganisasjon (NSO).

Blant studentane svarar 6 prosent av kvinnene og 3 prosent av mennene at dei har opplevd seksuell trakassering.

– Det skal vere nulltoleranse. Målet er at ingen skal ha opplevd seksuell trakassering i samband med studiane, først då har vi lykkast, seier Mats Beldo, leiar for NSO, til avisa.

Blant dei 5 prosentane som har opplevd seksuell trakassering, er det 71 prosent som opplyser at det er frå medstudentar, 12 prosent svarar forelesar eller rettleiar, og 16 prosent svarar begge deler.

2 prosent av studentane svarar at dei ikkje veit om dei har vore utsett for seksuell trakassering.

Undersøkinga består av eit utval på 1.035 studentar og har ein feilmargin på mellom 1,9 og 3,1 prosent.

Artikkeltags