Coop kallar tilbake karbonadedeig etter funn av plastrestar

FUNNE PLAST: Coop kallar tilbake karbonadedeig med siste forbruksdato 22. oktober.

FUNNE PLAST: Coop kallar tilbake karbonadedeig med siste forbruksdato 22. oktober. Foto:

Av
DEL

Plasten er blå og stammar truleg frå plastsekker som kjøttet blir levert i, før det blir kverna til karbonadedeig.

– Sjølv om plasten skal vere lett å oppdage for kundane, ønsker vi ikkje å ta nokon sjansar og kallar tilbake produkta, seier kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop Noreg.

Han oppmodar kundar som har kjøpt produktet, om å levere det tilbake, slik at dei kan få nytt produkt eller pengane tilbake.

Tilbakekallinga gjeld Coop karbonadedeig 400 gram med siste forbruksdag 22. oktober 2019.

Artikkeltags