Her er kongen av fuglebrettet

FLEST: Hagefuglteljinga varte frå laurdag 18. januar til søndag 2. februar. Kjøttmeisa vart sett i 93 prosent av alle hagane, og totalt vart 60.063 individ registrerte, viser tal frå Fuglevennen.

FLEST: Hagefuglteljinga varte frå laurdag 18. januar til søndag 2. februar. Kjøttmeisa vart sett i 93 prosent av alle hagane, og totalt vart 60.063 individ registrerte, viser tal frå Fuglevennen. Foto:

Av

Kjøttmeisa vart den mest registrerte fuglen i hagefuglteljinga i år. I over ni av ti hagar vart fuglen sett.

DEL

Hagefuglteljinga varte frå laurdag 18. januar til søndag 2. februar.

Kjøttmeisa vart sett i 93 prosent av alle hagane, og totalt vart 60.063 individ registrerte, viser tal frå Fuglevennen.

Den andre mest registrerte fuglen vart blåmeisa, ho vart sett i 83 prosent av hagane. 41.390 blåmeiser vart registrert i teljinga. Den tredje mest observerte fuglen var skjor, som var å sjå i 71 prosent av hagane. Totalt 24 689 skjorer vart registrert.

Dermed er topplista etter hagefuglteljinga lik som den har vore dei siste åra.

Dei sju andre mest registrerte artane var dompap, spettmeis, grønfink, gråsporv, pilfink, svarttrost og grønsisik, i den rekkjefølgja

Det er trettande året på rad at nordmenn tel fuglane i hagen sin siste helga i januar. Målet med teljinga er å få ei betre forståing av variasjonar i førekomsten av småfuglar på denne tida av året, og at teljinga kan bidra til å setje søkjelys på korleis klimaendringane endrar artssamansetjinga for overvintrande fuglar i Noreg og i Norden.

Totalt i hagefuglteljinga vart det registrert 452.883 fuglar i 8.834 hagar. I fjor vart det registrert totalt 527.977 fuglar i 10.753 hagar.

Artikkeltags