Mange innvandrarborn kan ikkje symje. No vil Førde gi dei symjeopplæring

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Kommunen og Førde IL arbeider med å få til eit symjetilbod til minoritetsspråklege elevar.

DEL

Førde søkjer no om midlar hos Fylkesmannen til eit opplæringstilbod for tolv elevar i september/oktober i haust. Også tidlegare har kommunen samarbeidd med symjegruppa i Førde IL om slik opplæring.

Grunnen til at dei tek dette initiativet – og til at Fylkesmannen tidlegare i år lyste ut støttemidlar – er at mange av dei nyankomne minoritetsspråklege elevane ikkje har hatt symjeopplæringa. Mangelen på symjedugleik gjer at denne gruppa er også overrepresentert i drukningsulykker.

Staten har stilt opp midlar til ein ekstra opplæringsinnsats, Sogn og Fjordane har 400.000 kroner av desse midlane, og Førde søkjer om 21.000 kroner til sitt planlagde ti timars opplæringstilbod.

Artikkeltags