Solhjell vil ha nasjonalt forbod mot heliumballongar på 17. mai

SEIER NEI: Fleire kommunar, blant dei Drammen og Bergen, har sagt nei til sal av heliumballongar på 17. mai.

SEIER NEI: Fleire kommunar, blant dei Drammen og Bergen, har sagt nei til sal av heliumballongar på 17. mai. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Fleire kommunar har allereie vedteke eit forbod mot gassballongar under årets nasjonalfeiring.

DEL

– Desse ballongane er laga av plast. Svært mange forsvinn, og endar anten i naturen eller i havet. Til saman utgjer dette eit gigantisk miljøproblem.

Det seier generalsekretær i Verdas naturfond, Bård Vegar Solhjell til VG.

Fleire norske kommunar har allereie vedteke eit forbod mot gassballongar under årets 17. mai-arrangement, mellom anna Bergen og Drammen. I vårt område ber Martin Malkenes (MDG) bystyret i Florø om å gjere det same.

– Heliumballongane er ein heilt ubetydeleg del av 17. mai-feiringa som har med seg to svært negative konsekvensar. Det eine er at det blir endå meir plastsøppel i naturen. Det andre er at vi må slutte å bruke helium til billeg underhaldning. Helium er ein svært viktig ressurs i verda som vi held på å gå tom for. Det er lurt å bruke den til noko fornuftig, seier Malkenes til Firdaposten.

Dette poengterer også Solhjell. Han oppmodar alle kommunar i landet om å vedta eit ballongforbod, og trur ikkje dette vil sette ein stoppar for nasjonalferinga på nokon måte.

– Eg er heilt sikker på at barn endå betre enn mange vaksne forstår behovet for å hindre at all denne plasten hamnar i naturen.

Artikkeltags