Statsminister Erna Solberg (H) får no brev frå meir enn hundre juristar i fleire land, i samband med barnevernssaka i Naustdal. Juristane meiner at barnevernet i Naustdal har handla lovstriding og brote med humanitære og moralske prinsipp. Dei ber Solberg syte for at foreldra får tilbake fire born, skriv avisa Dagen.

Barnevernssaka som har først til reaksjonar og demonstrasjonar i ei rekkje land, gjeld ein familie der foreldra er under etterforsking for oppdragarvald. Dei har sjølv vedgått bruk av fysisk avstraffing, men sagt at dette berre har vore i einskildtilfelle og i milde former. Dei fem borna vart tekne frå foreldra ved akuttvedtak. I april fekk foreldra det minste barnet tilbake, etter ei avgjerd i Fjordane tingrett.

Pinsevener

Foreldra er pinsevener, og dei internasjonale støttespelarane meiner saka har med deira kristne tru å gjere. Norske styremakter har avviste dette.

Ifølgje avisa Dagen, hevdar dei meir enn hundre juristane at religionsfridomen og foreldreretten til det rumensk-norske ekteparet har blitt krenka.

– Vi har gjort oss kjende med fakta i saka og er djupt uroa over at overtakinga av borna var motivert av den kristne trua til familien. Barnevernets eigne dokument vitnar om det faktum at familiens tru og kristne verdiar stod sentralt  i samtalane til dei offentleg tilsette då dei diskuterte overtakinga av borna, skriv advokatane.

USA, Europa, Asia

Mange av underskrivarane er frå USA, men det er også med juristar frå mellom anna Tsjekkia, Tyskland og Sør-Korea. Også den tidlegare justisministeren og utanriksministeren i Romania, noverande senator Titus Corlatean, er blant dei som har signert brevet til Norges statsminister. Corlatean var også med i den delegasjonen som i januar kom til Førde for å prøve å påverke barnevernssaka i Naustdal.