Eldre i Norge drikk framleis oftare enn unge

ELDRE DRIKK OFTAST: Eldre drikk i større grad på vekedagar og dei drikk hovudsakleg vin, medan unge drikk seg oftare fulle i helgane.

ELDRE DRIKK OFTAST: Eldre drikk i større grad på vekedagar og dei drikk hovudsakleg vin, medan unge drikk seg oftare fulle i helgane. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFUNN: 20-åringar i Noreg oppgir at dei i snitt drikk alkohol 33 gonger i året. 60-åringar seier dei drikk 53 gonger, men dei drikk mindre om gongen.

DEL

Det viser ferske tal frå Folkehelseinstituttet (FHI). Tala er baserte på eigenrapportering i spørjeundersøkingar i befolkninga i 2017. Dei nye tala skil seg noko frå tidlegare år, der 60-åringane i 2016 oppgav at dei drakk i snitt 57 gonger i året, mens 20-åringane sa 28 gonger. Dette har altså gått ned til 53 gonger for dei eldre og opp til 34 gonger for dei unge.

– Eldre drikk oftare enn yngre, men dei drikk mindre om gongen, og dei har eit mindre risikofylt drikkemønster, seier Elin K. Bye, forskar ved Folkehelseinstituttet.

Eldre drikk i større grad på vekedagar og dei drikk hovudsakleg vin, utdjupar Bye.

Rapporten «Alkohol i Norge» beskriv nordmenns alkoholbruk og dei negative konsekvensane av bruken, og gjennomgår i tillegg verkemiddel for å førebyggje skadeleg alkoholbruk og alkoholrelaterte problem. Rapporten overtar for utgjevinga av «Rusmidler i Norge», som tidlegare omtalte blant anna det norske alkoholkonsumet.

Yngre drikk seg oftare fulle i helgene, eit drikkemønster som er meir knytt til alkoholrelaterte skadar. Samtidig er både jamt alkoholinntak over tid og store inntak per gong, såkalla rusdrikking, skadeleg. Det er totalkonsumet som tel mest, og alkoholbruk er ein av dei viktigaste risikofaktorane for helsetap i befolkninga.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken