Autovern er framleis for dårleg sikra fleire stader i landet

FOR DÅRLEG SIKRA: Det er avdekka for dårleg sikrig med autovern på mange av landets vegar.

FOR DÅRLEG SIKRA: Det er avdekka for dårleg sikrig med autovern på mange av landets vegar. Foto:

Av
DEL

Vegdirektoratet har ikkje klart å møte Vegtilsynets krav om retting av autovern langs heile riksvegnettet innan fristen.

Vegdirektoratet sende torsdag ettermiddag svar på Vegtilsynets krav om retting og dokumentasjon av autovern i heile landet.

Kravet kom etter ein gjennomgang Vegtilsynet hadde hatt av autoverna langs norske vegar. Denne viste ei fleire manglar med både knokne rekkverksstolpar og manglande skruar i store delar av landet, skriv Teknisk Ukeblad.

I Vegdirektoratets brev kjem det fram at dei ikkje har rokke å gjennomføre tiltak langs heile riksvegnettet innan utgangen til fristen torsdag.

Framleis er det fleire vegar som står att og ikkje er sikra. Blant desse er delar av E18 i Asker og Bærum, Vestfold, Telemark, Aust-Agder, og delar av E39 og riksveg 421 i Sør-Rogaland. I tillegg gjeld det E39, riksveg 3 og riksveg 706 i Trøndelag. E6 mellom Langfjordbotn og Alta – og E6 mellom Olderfjord og Tana bru i Finnmark er heller ikkje sikra.

– Dei har vore i kontakt med oss og informert om at dei ikkje kom til å rekke alt innan fristen, så det var vi klare over, seier Stefan Karlstrøm, tilsynsleiar i Vegtilsynet til avisa.

Det attståande arbeidet vil etter planen vere ferdig i oktober.


Artikkeltags