Trass i nedbør er julefjella stort sett opne

Illustrasjonsfoto: Lærdal, rv 52, Hemsedal, Breistølen, fylkesgrensa,

Illustrasjonsfoto: Lærdal, rv 52, Hemsedal, Breistølen, fylkesgrensa, Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Sjølv med store nedbørsmengder den siste tida, ser tilhøva i fjella stort sett gode ut.

DEL

Vegtrafikksentralen kan i dag melde om stort sett opne fjellovergangar her i vest. Per tysdag føremiddag er det berre Vikafjellet på Rv 13 som har problem. Der var det kolonnekøyring og elles stengt grunna uvêr. Men tilhøva kan brått endre seg.

– Slik er det i fjellet, vêret kan snu i løpet av kort tid. Vårt råd til vegfarande er at dei sjekkar stoda like før dei legg ut på turen, oppmodar operatørane ved Vegtrafikksentralen i ei pressemelding.

Elles er det ifølge Statens Vegvesen sine trafikkmeldingar bart og vått på strekninga Sande - Førde, Skei - Re, Fjærlandstunnelen - Skei, Haukå - Myklebust og over Utvikfjellet. Over Hemsedalsfjellet og Strynefjellet er det snø- og isdekke, og delvis glatt.

Betydeleg skredfare

NVE melder at det er betydeleg skredfare i høgfjella i Sogn og Fjordane. Dette på grunn av krevande forhold med mykje nedbør. Dersom ein skal på ski bør ein unngå bratt terreng i høgda. Også i lavlandet kan det gå enkelte naturleg utløyste våte skred.

– Prognosane for starten av juleperioden baserer seg på værprognosane. Det vil vere mykje nedbør og vind. Over nysnøgrensa vil det bygge seg opp nysnøflak i le for vinden. Snøen treng tid på å stabilisere seg, og med kontinuerlig påfyll er faregraden for skred betydeleg, seier Birgit Rustad i snøskredvarslinga.

Flakskred kan vere eit problem 1000 meter over havet, medan våte laussnøskred blir naturleg utløyst under 1000 meter over havet.

Rustad anbefaler alle som vurderer topptur å følge med på prognosane til snøskredvarslinga.

Artikkeltags