Bil med tre personar sklei inn i fjellveggen

FLORA: Ein bil på veg mot Eikefjord på riksveg 5 sklei ut av vegen aust for Sundafjelltunnelen og inn i fjellveggen. Tre personar var i bilen.

DEL

Dette melder Vest politidistrikt, som fekk melding om ulykka kl. 03.06 natt til torsdag.

– I bilen var det tre personar. Føraren, som var ei 18-år gammal jente, sklei på vegen ca. 100 meter etter tunnelen. Ho klaga over smerter i ryggen og i ein fot. Elles gjekk det bra med heile gjengen. Bilen hadde store materielle skadar, men ingen airbagar blei utløyst. Ambulansen var på staden, men dei tre i bilen trong ikkje vidare helsesjekk, seier operasjonsleiar, Frode Kolltveit.

Bilen er henta og trafikken kan passere. Det er ingen mistanke om at bilføraren var påverka.

Operasjonsleiar seier at det er veldig glatt vegbane på strekninga.

Artikkeltags