Tenåring køyrde i fjellveggen

Ein bil køyrde ut av vegen og rett i fjellveggen. Politiet opprettar sak.

DEL

Ein bil køyrde i ettermiddag ut av vegen og rett i fjellveggen på fylkesveg 57 ved Lutefuratunnelen i Fjaler.

– Det var ein mann i slutten av tenåra som var i bilen. Dei involverte på staden har sagt at han er uskadd, men han er send med ambulanse til Førde sentralsjukehus for ein sjekk, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

– Vi veit ikkje kva årsaka til ulykka er enno, men politiet har oppretta sak. Dei mistenkjer at det kan ha vore aktlaus køyring, seier Algrøy.

Operasjonsleiaren fortel at begge airbagane på bilen vart utløyste i ulykka, og at bilen no skal vere fjerna frå ulykkesstaden.

Ulykka var meldt 1533.

Artikkeltags