Køyrde av vegen i rundkøyring

Turen enda i eit gjerde, og med inndrege førkort.

DEL

Ein mannleg bilførar i tjueåra fekk i natt førarkortet sitt inndrege etter å ha køyrt ut av vegen på Helgheimsvegen ved Loftesnesbrua i Sogn.

Uhellet skal ha starta i rundkøyringa på staden, men enda i eit gjerde like før brua. Politiet fekk melding om ulykka klokka 23.09 fredag kveld.

– Mannen klaga på vondt i brystet, og blei send til legevakt kor han seinare blei friskmeld, seier operasjonsleiar Per Algrøy.


Tok førarkortet

Bilen blei derimot totalskadd i uhellet, og airbagen i bilen blei løyst ut. Den måtte hentast av bilbergar.

– Det er ikkje mistanke om rus, men det er mistanke om aktlaus køyring og mistanke om for høg fart i høve forholda, seier Algrøy.

Dette gjer at politiet har teke beslag i førarkortet til mannen. Det er også oppretta sak.


Truga politiet

Politiet fekk også melding om at ein bil som vinlga utanfor Førde sentrum kl. 00.40 natt til laurdag.

– Bilen blei stoppa ute på Hornnes. Der blei føraren kontrollert av politiet. Han er mistenkt for å ha køyrt i påverka tilstand, seier Algrøy.

Dette likte truleg mannen i femtiåra dårleg. Då han blei stogga gjekk han til verbalt angrep på politiet.

– I tillegg kom han med trugsmål mot politiet, og blir difor meld for forulemping av offentleg tenestemann, seier Algrøy.


Køyrde utan gyldig førarkort

Mannen i femtiåra hadde heller ikkje førarkort då han blei stogga.

– Køyring i ruspåverka tilstand gjev vilkårslaus fengsel, med det kjem an på blodprøveresultatet, seier Algrøy, og legg til at han nok kan vente seg ei tilleggsstraff for at han ikkje har sertifikat.

– Han blei sett inn i drukkenskapsarresten, seier Algrøy.

Mannen blei sett i drukkenskapsarresten.

Artikkeltags