Har funne årsaka til at hengaren losna

Undersøkingar viser at det var innvending korrosjon som gjorde at hengarfestet losna.

Undersøkingar viser at det var innvending korrosjon som gjorde at hengarfestet losna. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Ei undersøking frå Statens Havarikommisjon for Transport (SHT) som kom måndag konkluderar med at det var innvendig korrusjon som var årsaken til at hengarfestet slitna og brannen i Skatestraumtunnelen i Bremanger starta.

Langt framskride

– SHT sine undersøkingar viser at dragstengenes materialstyrke var kraftig redusert som følgje av langt framskriden innvending korrosjon. Konklusjonen førebels er at den gjenverande materialstyrken ikkje tolte belastninga den vart påført, heiter det i den siste oppdateringa frå SHT.

Det var NRK som først omtalte konklusjonen.

Hendinga skjedde den 15. juli i år, og då drivstoffhengaren losna frå bilen, enda det med at 10.000 liter drivstoff byrja å brenne i Skatestraumtunnelen.

Det førte til store skader på tunnelen, men ingen personar kom til skade.

Kosta over 50 millionar

Som følgje av tunnelbrannen måtte Skatestraumtunnelen på fylkesveg 616 i Bremanger stengast. Rekninga for å få fiksa tunnelen har komme på om lag 50 millionar kroner.

Les også:

SHT skriv vidare at dei no vil undersøke korleis korrosjonen har komme så langt, uten at det har blitt avdekka.

– Det vil også bli undersøkt korleis brannen har utvikla seg, skriv dei.

Artikkeltags