Vogntog køyrde av vegen i Bremanger

I GRØFTA: Trafikkuhell i Bremanger måndag morgon.

I GRØFTA: Trafikkuhell i Bremanger måndag morgon. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Hadde vanskar med å fjerne vogntoget.

DEL

Politi og brannvesen rykte måndag morgon ut til Eikedalen i Bremanger, kor eit vogntog har køyrd av fylkesveg 616. Politiet fekk melding om dette klokka 06.59 måndag morgon.

Vogntoget låg langs sida av vegbana, skriv operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Føraren skal vere uskadd, men politiet åtvarar om diesellekkasje på staden og glatt veg. Det skal ha vore passasje på staden.

NYTT VOGNTOG-HAVARI: På få dagar har to vogntog køyrt av vegen på smale og glatte Bremanger-vegar.

NYTT VOGNTOG-HAVARI: På få dagar har to vogntog køyrt av vegen på smale og glatte Bremanger-vegar. Foto:

Det blei ei langvarig berging av traileren. Fylkesveg 616 vart meld mellombels open frå klokka 17.25 måndag ettermiddag. 

Bilberginga gjekk framfleis føre seg i 17-tida, men Statens vegvesen melde rett etter at no var vegen opna att mellombels i Eikedalen i ytre Bremanger. Trafikkuhellet skjedde rundt klokka 07 måndag morgon, men det var vanskar knytt til å få vogntoget fjerna frå staden. Det melde politiet.

Artikkeltags