Storstreik i SAS – opptil 80.000 passasjerar ramma

STREIK: Fredag åleine blir opptil 673 planlagde flygingar innstilte som følgje av pilotstreiken, ifølgje SAS.

STREIK: Fredag åleine blir opptil 673 planlagde flygingar innstilte som følgje av pilotstreiken, ifølgje SAS. Foto:

Av

Norske SAS-pilotar går ut i streik etter at meklinga med NHO Luftfart braut saman. Opptil 80.000 reisande blir ramma allereie fredag.

DEL

Rundt fem timar på overtid kom meldinga om brotet mellom partane. Mellom 60.000 og 80.000 passasjerar vil bli direkte ramma, anslo SAS-kommunikasjonssjef Knut Morten Johansen då meklingsbrotet var eit faktum rett før klokka 6 fredag morgon.

Fredag åleine blir opptil 673 planlagde flygingar innstilte som følgje av pilotstreiken, ifølgje flyselskapet. Streiken vil òg ramma flytrafikken i helga, men det var fredag morgon for tidleg å seie noko om omfanget.

Flyselskapet har ikkje klart å bli samde med pilotane verken i Noreg, Sverige eller Danmark. Totalt er 1.500 pilotar no ute i streik. Av desse er rundt 500 frå dei norske fagforeiningane.

Kan ikkje hjelpe alle

– Det er ikkje sikkert vi klarer å hjelpe alle passasjerane våre. Enkelte blir nøydde til å utsetje reisa si, seier Johansen til NTB.

Rundt 350 flygingar fredag blir opererte av SAS' partnarar og blir derfor ikkje ramma av streiken. Også passasjerar som skulle vore med fly som blir ståande på bakken, kan bli frakta dit dei skal av partnarane. Kommunikasjonssjefen ber passasjerane følgje med på SAS' nettsider for å sjå om deira flyging er ramma.

– No jobbar vi under høgtrykk med å handtere dei passasjerane som er ramma. Vi har partnarar som vi vil bruke fullt ut for å få passasjerar av garde, men det er viktig å seie at det ikkje er sikkert at vi klarer å hjelpe alle – kanskje langt derifrå, seier Johansen.

Allereie torsdag kveld kansellerte SAS 205 flygingar, noko som vil lette trykket noko. Mange har dessutan nytta seg av moglegheit til å booke om før meklingsbrotet.

Store problem

– Streiken skaper på kort sikt store problem for dei reisande, og han gir store ringverknader i samfunnet. Men krava frå pilotane har vore umoglege for SAS å innfri, seier administrerande direktør Torbjørn Lothe i NHO Luftfart.

Avinor, som driftar 44 flyplassar i Noreg, ber passasjerar som skulle ha reist med SAS, om å rette seg etter informasjon frå selskapet. Andre reisande og den andre flyplassdrifta blir ikkje påverka av konflikten, understrekar Avinor.

– Vi har beredskap for å ta vare på reisande som eventuelt blir ståande i kø og slikt gjennom helga, seier kommunikasjonssjef Gurli Ulverud i Avinor til NTB.

– Reell trussel

NHO Luftfart og pilotane, som er samla under paraplyen SAS Pilot Group, mekla fleire timar på overtid hos Riksmeklaren i Oslo.

Kravet frå pilotane er ein lønnsauke på 13 prosent. NHO Luftfart seier pilotane via meklinga vart tilbodne lønnsauke i tråd med kva ein elles har vorte samde om i norsk arbeidsliv, men at pilotane krev auke på eit høgare nivå.

Dessutan ønskte pilotane meir føreseielege reglar med omsyn til arbeidstid.

– Eg vil ikkje gå i detalj om innhaldet i forhandlingane eller stadfeste nokon tal, men eg kan stadfeste at det var svært høge forventningar til lønnsauke som ligg eit godt stykke over det dei andre gruppene i selskapet og i samfunnet elles har fått. Det var òg andre element i forhandlingane som gjorde det umogleg å bli samde, seier Knut Morten Johansen.

Beklageleg

Leiar Christian Laulund i Norske SAS Flygeres foreining (NSF) seier han er lei seg for at meklinga ikkje førte fram, og for at passasjerane blir ramma. At NHO Luftfart meiner lønnskrava til pilotane truar konkurransemoglegheitene for SAS, seier han «ikke henger sammen med virkeligheten».

– Vi kom inn i desse meklingane med eit krav om å få tilnærma lik avtale som konkurrentane våre i Norwegian, Ryanair eller EasyJet. Dette handlar om korleis ein pilot kan planlegge livet sitt og sikre føreseielege vilkår, slik at ein kan ha eit privatliv som fungerer saman med jobben, seier Laulund til NTB.

Han håper meklinga kan takast opp att så snart som mogleg, slik at trafikken kan halde fram som normalt.

– Eg vil ikkje spekulere i kor lenge konflikten kan vare. Det er ein god og respektfull tone oss imellom, seier Johansen.

Artikkeltags