Snø og dårlege køyreforhold held Sognefjellet stengt

STENGT: Fv. 55 over Sognfjellet er framleis stengt torsdag morgon.

STENGT: Fv. 55 over Sognfjellet er framleis stengt torsdag morgon. Foto:

DEL

Fv 55Sognefjellet er framleis stengt på grunn av vanskelege køyreforhold. Vegen blei stengt onsdag etter middag klokka 17.00.

– Det er snø, glatt og dårleg vêr, så vi valde å stenge vegen då, seier trafikkoperatør Ove Amundsen til Firda torsdag morgon.

Det er uvisst kor tid vegen kan opne att:

– Det er det Vår Herre og vêret som bestemmer.

Ifølge Amundsen er det slett ikkje uvanleg med snø tidleg i september.

– Når vi får overgangen til hausten og mot vinter, blir vêret veldig ustabilt. Då kan vi få dei fire årstider på kort tid. Same vegen går det i overgangen frå vinter til vår.


Artikkeltags