Jord- og steinras stengde veg i Sogn

Bilførar vart stogga av eit jord- og steinras måndag morgon. klokka 11.10 opna vegen att for fri ferdsle.

DEL

– Raset har gått ved Kvita Skredatunnelen på fylkesveg 5637 mellom Skjolden og Urnes i Luster, melder trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen vest.

Ein bilførar melde frå om raset litt før klokka 06. Ein del jord og stein og skog hadde losna oppe i fjellsida og kome ned på vegen.

Ikkje folk i raset

– Det er ingen ting som tyder på at det folk i raset. Entreprenør er på veg til staden. Førebels har vi ikkje full oversikt, og han vil truleg vente på dagslys før han set i gang å rydde, melder Sleire.

Vegen på sørsida av Lustrafjorden, tidlegare fylkesveg 331, er ei rasutsett strekning. Vegen går mellom Skjolden inst i Sognefjorden og Urnes, der den gamle stavkyrkja står, litt lenger ute i fjordarmen.

Opna for fri ferdsle

Oppryddingsarbeidet er starta på staden, og vegen var stengt fram til 11.10. Vegen var først venta å bli opna att i 14-tida, men Vegtrafikksentralen kunne på føremiddagen melde at vegen no er opna att.

Sjølv om det er opna for fri ferdsle på staden, er det framleis rydding på staden.

Opne fjellovergangar

Vegtrafikksentralen melder at dei fleste fjellovergangane mellom vest og aust er opne. Oversikten klokka tidleg måndag morgon ser slik ut:

Ev16 Filefjell: Open.

Rv52 Hemsedal: Open.

Fv53 Tyin-Årdal: Opna klokka 07.23 måndag.

Rv13 Vikafjellet: Kolonnekøyring grunna opprydningsarbeid. Første kolonne går frå Storhaug kl 14.00.

Rv7 Hardangervidda: Open.

Ev134 Haukelifjell: Open.

Fv50 Hol-Aurland: Opna klokka 08.20 måndag.

Rv15 Strynefjellet: Open.

Artikkeltags