Både Telenor og Telia har problem

SLÅTT UT: Mange opplever problem med telefondekninga etter Urd sine herjingar.

SLÅTT UT: Mange opplever problem med telefondekninga etter Urd sine herjingar. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SAMFERDSLE: Mange er heilt eller delvis utan telefondekning etter uvêret Urd sine herjingar.

DEL

Tre som har falle over kablar og straumbrot ved basestasjonar er hovudårsakene til at fleire opplever problem med telefondekninga.

Firda har fått fleire meldingar frå personar med Telia-dekning, som ikkje har kunne bruke telefonane sine. Somme har også fått melding frå teleoperatøren, som seier at feila først blir retta etter nyttår. Det er dei lite nøgde med.

– Rettetida er automatisk generert, vi vil undersøke meir og komme tilbake i morgon med ei meir nøyaktig rettetid, seier Ellen Scheen som er pressekontakt i Telia.

Scheen seier at dei aller fleste i vårt område skal ha moglegheit for å snakke i telefonen, men at dei som er i område utan 4G vil ha problem med datatrafikken. Dette er fordi det er Telia sitt 3G-nett som har størst problem. 2G-nettet, som kan brukast til samtale, men ikkje er eigna for data, har mindre problem. Særleg Stongfjorden i Askvoll, Norddal i Flora og Gulen har problem med 2G-nettet.

– Vi beklagar på det sterkaste at det er ikkje er dekning, seier Scheen.

Mindre enn frykta

Også Telenor har vanskar med sitt nett. Ifølge BA er det Gulen, saman med fire kommunar i Nordland, som er hardast råka av Telenor sine problem.

– Vi har heldigvis ingen stader med mykje utfall, det er mindre enn frykta. Det er ikkje like omfattande som ved tidlegare stormar, men for dei som er råka er det sjølvsagt kjedeleg, seier Bjørn Amundsen, dekningssjef i Telenor, til BA.

Ingen veit kor mange som er delvis eller heilt utan dekning, og heller ikkje når problema vil bli retta opp.

– Det er vanskeleg å svare på når vi er oppe og går igjen. Vi trur mykje er i orden i løpet av ein dag eller to, seier Amundsen.

Naudnettet ute av drift

NTB melder at også naudnettet for politiet, brannvesenet og helsetenesta hadde problem under Urd.

40 basestasjonar hadde tysdag føremiddag vore ute av drift sidan 22-tida måndag kveld på grunn av straumbrot, opplyser Direktoratet for nødkommunikasjon til NRK.

Artikkeltags