Lang ventetid på Mannheller

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Ein må rekne med over ein times venting om ein skal ta ferja frå Mannheller til Fodnes i dag. Det seier trafikkoperatør Jan Erikstad i vegtrafikksentralen til NRK Sogn og Fjordane.

På kaia er det kø langt innover i tunnelen, og Erikstad trur mange kjem frå countryfestivalen på Breim, og at det elles er mange ferieturistar på vegane i kveld. Ferja går kvart 20. minutt, men blir raskt fylt opp.

Artikkeltags